Frank vandra nedover mjølkevegen
Skoa blei kvite av all mjølka
Korleis kan eg
vandre på ein galaktisk veg
utan å falla,
flyte
utover universet,
tenkte Frank
Det måtte være noko
Som heldt ting
på plass,
for plutselig møtte
han ein hest
Korleis er det mogleg å ha ein fest inne i sola? Korleis kjennest det ut? Vandraren Frank Walker tek oss med når han snublar inn og ut av ulike dimensjonar med unike lover for tid og rom. Me møter mytiske karakterar der omgjevnadane skifter i samspel med oss. La oss vera samen i det uforståelege; gjennom ein felles, sanseleg oppdagingsferd driven av undring i eit poetisk scenisk univers.
vandrefrank er eit kunstnarkollektiv med Mari LB Kamsvaag, Thomas Bergsten, May Therese Vorland og Desiree Bøgh Vaksdal.
Produsent: Lotta Rygg
Foto 1-10: Julia Marie Naglestad
Foto 11-17: Unni Henning
Støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond og Fond for lyd og bilde, Drammen kommune og Oslo kommune